rapport

‘Fra intro til arbeid’ 24. januar

KF Innvandrarsenteret ønsker å invitere næringslivet og politikarane i Flora til presentasjon av forskingsprosjektet om Introduksjonsprogrammet og integrering i Flora, tysdag 24.01., kl. 16.00 til 17.30 på Flora Samfunnshus (Speilsalen).

Rapporten «Fra intro til arbeid – Integreringsutfordringer og muligheter i Flora kommune» er utarbeidd av Stina Svendsen, Marko Valenta og Berit Berg ved SINTEF. Rapporten har undersøkt korleis det har gått med dei rundt 350 som har vore gjennom introduksjonsprogrammet frå 2004 til i dag.

Det blir servert suppe 16.00 og presentasjon av rapporten blir 16.30 til 17.30. Forskningmedarbeidar Stina Svendsen og Professor Berit Berg frå NTNU i Trondheim kjem for å helde presentasjonen.

Vi håpar at mange har høve til å møte og høyre meir om eit viktig tema for Florasamfunnet!

NB: Dei som ikkje har høve til å delta, eller ikkje ønskjer suppe bes melde frå til  siljejansen.nybo@flora.kommune.no innan fredag 20.01.

Beste helsing

Silje Jansen Nybø

Prosjektmedarbeidar/Praksisrådgjevar

KF Innvandrarsenteret

91350424/57756670