Nytt styre – ny årsplan

Dette skal FIN og det nye styret jobbe med

Arbeidsprogram FIN 2021/22

FIN vil som tidlegare engasjere seg i aktuelle saker som det er naturleg for foreininga å ta del i og uttale seg om.

KOMMUNIKASJON

Etter at DAT fekk kontrakt på FOT-rutene Florø – Oslo er det viktig å ha løpande dialog med dei, om ruteoppsettet og andre praktiske ting som er avgjerande for brukarane. FIN vil fremje medlemmane sine standpunkt, og legge vekt på at rutene er tilpassa næringslivet sine behov. Frå og med 1. april 2022 blir det sett opp ein 3. rundtur – og denne skal FIN jobbe for at blir på kveldstid – etter dagens ruteoppsett. Det er og ønskjeleg å få på plass ei laurdagsrute. FIN vil påverke DAT til å promotere rutene sine, slik at ein får opp setedekninga.

FIN skal jobbe for å få opp standarden på terminalbygget og heliporten. Dette er viktige konkurransefortrinn, spesielt for oljebransjen.

FIN vil jobbe for eit best mogleg rutetilbod med buss og båt både innanfor Kinn kommune og på kysten av Sogn og Fjordane.

NYREKRUTTERING

Styret skal jobbe hardt for å få med fleire nye medlemmar i foreininga. Ein måte er at alle nyetablerte bedrifter i Florø-området blir automatisk og kostnadsfritt medlem i FIN 1. året. Dei vil få eit skriv der dei blir ønskt velkommen til å påverke og delta på FIN sine arrangement. Elles vil ein bruke media aktivt, og ha ein kampanje med eit digitalt og trykt næringsmagasin, som fortel om aktiviteten og fordelen med å vere ein del av nettverket. Innspel på Aksello sine frukostmøte, kan og vere ein viktig rekrutteringsarena.

ENERGIKAPASITET OG NETTLEIGE

Det er eit viktig konkurransefortrinn å ha rikeleg tilgang på grønn energi. Både store og små bedrifter har stort behov for energi. For tida er det store planer på gang på basen – som truleg krev utbygging frå Grov og vestover. Kraftlaget / Linja står for utbygginga, men FIN og andre aktørar må påverke politikarane, som tek avgjerdene. Aksello er i gang med eit kartleggingsarbeid – og FIN vil ha dei med på laget for å arrangere ein energikonferanse. Infrastrukturen for både vatn og elektrisitet er avgjerande for næringslivet.

NÆRINGSAREAL

FIN må tenke både på lang og kort sikt og vere i forkant når det gjeld behova for både nærings- og bustadareal. FIN ønskjer å vere ein aktiv deltakar i planarbeidet i kommunen og å komme tidleg med i planprosessane.

Ein har avgrensa tilgang til næringsareal og ein treng areal med kort veg til kai og sjø – og ein må unngå konflikt med bustadareal. Slikt areal finn ein både på Botneneset og i

Gunhildvågen / Måsholmen. Flora Hamn går for ei utvikling vestover, og massane frå  Mortingsbåane vil vere viktige i denne samanheng. Næringsaktørane i Gunhildvågen treng meir areal, og i tillegg må ein må få ei framtidsretta løysing for konteinarhamn. FIN vil jobbe for at aktørane må vere tydelege på kva dei treng, og kva økonomisk tilskot dei kan bidra med. Flora Hamn kan ikkje ta heile den økonomiske risikoen aleine.

SAMARBEID MED ANDRE NÆRINGSFOREININGAR
Dette er viktig for næringsaktørane i regionen, og blir lettare å ta opp igjen no, etter at Covid-restriksjonane er vekke. FIN har lang tradisjon for felles møter / arrangement med Førde Industri og Næringssamskipnad (FIN) og Måløy Vekst. Dette vil vi ta opp igjen i dette året.

UTDANNING OG KOMPETANSEHEVING

Det blir det jobba med å få på plass ein utdanningshub i Florø i samarbeid med Fagskulen i Sogn og Fjordane, tilsvarande det som er etablert i Høyanger og Stryn. Leiar har delteke på eit møte om tema, der det vart framheva at kommunar / mindre byar kan utvikle og stette eigne krav til kompetanse, og kan tilby ei utdanning ein elles må reise langt for å ta. Dette er eit viktig for å snu flyttestraumen, og å halde på kompetansen i Florø. FIN vil jobbe vidare med å få dette på plass.

FIN meiner det er viktig å satse på fagutdanningane, og ønskjer at næringslivet tek ansvar ved å ta praksiselevar og lærlingar.

KOMMUNEDELPLANAR

I samband med tunge plansaker vil styret i FIN arrangere møter med gruppeleiarane. Det er viktig med eit oppdatert planverk og FIN må komme med konkrete innspel, og få politikarane til å forstå korleis og kvifor. Kinn kommune må bli meir løysingsorientert, og ha mål om å  vere ein JA-kommune.

SAMARBEID OG PÅVERKNAD AV POLITIKARAR

FIN vil «bruke» og påverke dei nyvalde Stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane, som er komne i komitear som er spesielt viktige for næringslivet. Det kan vere nyttig å invitere representantane til å delta på arrangement / opne møter i regi av FIN.

MØTEAKTIVITET

FIN legg opp til minst 5 styremøte i året og har som siktemål å arrangere 2 medlemsmøter. Aksello vil halde fram å arrangere frukostmøte for mellom anna medlemer av FIN, den første torsdagen i kvar månad. Dette er ein møteplass for verksemder i Flora, der ein kan møtast for å få informasjon, dele erfaringar og finne nye samarbeidsformer.

Felles bedriftsbesøk til bedrifter i regionen kan også vurderast.

Bli kjent med

det nye styret i Flora Industri og Næringsforening

På årsmøtet i FIN 30. september vart desse valde inn i styret:

  • Bjørn Hollevik, leiar

    Grind AS

  • Kristin Bergstøl Hansen, nestleiar

    Slakteriet AS

  • Ole Schanke Eikum, styremedlem

    Fjord Base Holding AS

  • Thor-Arne Ullaland, styremedlem

    Trygve Ullaland AS

  • Marianne Ullaland Knapstad, styremedlem

    BB Servicesystem AS

  • Svein T. Nødseth, varamedlem

    Fokus Elektro AS

  • Anders Johannes Lien, varamedlem

    iVest Consult AS