Planleggingsmøte med DAT

DAT, Kinn kommune og FIN

Mandag 25. oktober var FIN, Samferdsleutvalet og administrasjonen i Kinn i møte med leiinga i Danish Air Transport (DAT) – for å diskutere moglegheiter og utfordringar.

Ole Schanke Eikum møtte som representant for styret i FIN, og la fram innspel og argument frå medlemsbedriftene og styret:

Innspel – møtet mellom FIN, Samferdsleutvalet i Kinn og DAT 25. oktober 2021
Flora Industri og Næringsforening (FIN) har sendt forslaget ut til sine medlemmar og har samtidig invitert Måløy Vekst, Bremanger og Kinn kommune om innspel.

FIN si oppsummering av innspela:

Rutetider
Samferdsleutvalet i Kinn kommune har heile tida vore tydelege på at ein må ta omsyn til dei som reiser til/frå Florø med båt, dvs. reisande frå Måløy, Bremange og øyane i Florø. Dette er godt i varetatt med flya FRO-Oslo kl. 7.15 og retur kl. 18.15. Tidleg ankomst til Florø har vore etterspurt, og det er positivt at vi no får eit fly som landar her kl. 10.15.

Det er kome inn ein del innspel om at avgangen frå Florø kl. 16.40 er litt tidleg, men forskyver vi denne så øydelegge vi for returen som passar godt med båtrutene kl. 20.00. Så lenge vi har 2 rundturar er dette optimalt.

Når vi får 3 rundturar etter 1. april 2022 må vi sjå nærare på ein seinare rundtur – etter flyet som landar i Florø 19.25. Vi må ha løpande dialog om eit ekstra kveldsfly – fram til den tid.

Ekstra rundtur for å stette kravet til setekapasitet har vi ikkje fått mange tilbakemeldingar på. Einaste er oljebransjen, som peikar på måndag. Fritidsmarknaden har ikkje vore involvert i denne spørrerunda, men tidlegare har det vore etterlyst eit tidleg rute FRO-Oslo på laurdag.

Andre moment

  • DAT må marknadsføre rutetilbodet betre enn i dag (særleg i Vågsøyregionen) – og ha ei nettside som er lett å finne, og enkel å bruke.
  • Ekstraavgifter må komme fram før ein går til betaling.
  • Bagasjehandtering / samarbeid med andre selskap. Passasjerane må sleppe å sjekke inn bagasjen på nytt i Oslo. Sidan det ikkje er «avtale» med fleire selskap så er mellomtida i Oslo med bagasje 2 timar. Med handbagasje kan en «spekulere» på 30 min. Utan avtaler blir det en rein spekulasjon om ein rekk og kjem med. Kjem ein ikkje med må ein sjølv ta kostnaden.
  • Når en søker bokkingsider (f ek. berg-hansen.no) og legger inn reiserute, Florø – Bodø, så kjem ikkje DAT opp. Ein må då dele reisa opp Florø – Oslo og Oslo – Bodø osv.
    Det som kjem opp, er reiseforslag med Widerøe.
  • Elektronisk innsjekking, på lik linje med andre selskap.
  • Pris på flybillett er ekstra viktig med tanke på rekruttering. Spesielt utanlandske arbeidarar er opptekne av at det skal vere billig å fly heim, og då er Florø – Oslo viktig.
  • Kan det vere aktuelt for DAT å nytte sin eigen ledige kapasitet til å fly Florø – Bergen midt på dagen?
  • Fint om ein kan få kaffiservering

Firdaposten 26.10.21