Heile takseringa må vere eit arbeidsuhell

Eigedomsskatten i Kinn – Firdaposten 2. mars -21

Næringslivet i Kinn er rysta over dei nye takstane for eigedomsskatt på næringsbygg. – Rykk tilbake til start, krev Bjørn Hollevik, leiar i Florø Industri og Næringsforening (FIN), i eit intervju med Firdaposten.

Flora Industri- og Næringsforening tar grep – og prøver å samle informasjon frå sine medlemmar om mellom anna kor stor den prosentvise auken er, om ein har reelle tal å vise til (nylige eksterne takster m.m.) – og ikkje minst; kva konsekvensar vil dei nye takstane kunne få for verksemdene.