Kommunen set ein fot i bakken

Oppdatert info til medlemmane i FIN om eigedomsskatten

Responsen frå medlemmane i FIN har vore svært stor vedrørande skrivet om nye eigedomsskattetakstar, som vi sende til medlemmane i FIN i starten av veka. Vi har fått meldingar om takstauke på inntil fem gonger dagens takst, og langt over kva som er reell marknadsverdi. Nokre stiller også spørsmål om endringar i maskinskatten er tatt omsyn til.

Kommunedirektøren melder i dag frå om at dei tar ein fot i bakken, og vil sjå på kva som har skjedd gale ved taksteringa. Dette er ei klok avgjerd. Han presiserer til leiar, i ei telefonsamtale i dag, at det er viktig for han at taksten skal opplevast som rett.

Han inviterer i samband med dette til at dei som meiner at dei har fått feil takst melder frå om dette til Eigedomsskattekontoret. Dette kan vere meir uformelt, der ein påpeikar kva som er gale. Ei eventuell formell klage kan ein sende seinare, men innan klagefristen på 6 veker.

Styreleiar i FIN oppmodar medlemmane i FIN til å følgje opp denne invitasjonen frå kommunedirektøren.

Vi ber om at medlemmane melder attende til sekretariatet vårt om korleis dialogen med eigedomsskattekontoret vart.