Samrøre i Sunnfjord – praktisk info

Då gler vi oss til Samrøre i Sunnfjord torsdag 16. mars! Det er tilsaman 60 påmelde frå Sunnfjordbyane Førde og Florø.

På fôrfabrikken EWOS er dei sporty. Til tross for eksplosjonsuhell og stor aktivitet med undersøkingar får vi komme på besøk – og får ein «lightversjon» omvisning på anlegget.

Etterpå blir det omvisning, smaksprøvar og fingermat på Kinn Bryggeri.

Så litt praktisk info:

  • Bussen går frå Førde kl. 16:00 og svingar innom Firda Billag i Florø kl. 16.50, for dei som vil sitte på derifrå til Ewos
  • Etter omvisning på EWOS tek bussen oss med til Kinn Bryggeri
  • Bussen returnerer til Førde kl 21.00 – og det er fint om Florøfolk ordnar seg skyss heim igjen sjølve