Samrøresuksess

Torsdag 16. mars gjekk Samrøre i Sunnfjord av stabelen, med besøk frå medlemmar frå Førde Industri og Næringssamskipnad. Vi bussa saman til EWOS og fekk flott omvisning der, før vegen gjekk vidare til omvisning på Kinn Bryggeri med påfølgande smaksprøvar av Kinn-øl og fingermat frå In-Spire i Eikefjorden.

Her er kva FINS skriv på si nettside:

Torsdag 16. mars 2017 var medlemer i Førde industri- og næringssamskipnad (FINS) på besøk hos Flora Industri og Næringsforening (FIN) i Florø.

50-60 deltakarar fekk omvising på den imponerande fiskefôrfabrikken til EWOS, som omset på 3,5 milliardar kroner i året.

Deretter gjekk turen til ei bedrift med noko mindre tankar, med like fullt eit imponerande industrieventyr det også. For ti år sidan var det ikkje mange som trudde på at det skulle bli bygd eit bryggeri i Florø. Men Kinn Bryggeri har på berre åtte år blitt eit kjent kvalitetsmerke for handverkarøl i inn- og utland. Og smaksprøvane smakte!

I september 2017 er det FINS sin tur til å vere vertskap når FIN kjem på Førde-besøk.