Folkeuniversitetet

Strategi og leiarsamling vinteren 2015

Seminaret er eit samarbeid mellom Folkeuniversitetet, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sunnfjord Næringsutvikling, Fram Flora, Framtidsfylket og PricewaterhouseCoopers AS.

Første samling blir fredag 13. og laurdag 14. februar. Andre samling vert fredag 13. og laurdag 14. mars. Totalt er kurset på 28 timar.

Tidspunkt: Begge fredagane: Kl. 09.00 – 18.00 på Åmot Operagard i Gaular. Begge laurdagane Kl. 09.00 – 14.00 i lokala til Sparebanken Sogn og Fjordane 4 etasje.
Overnatting er ikkje inkludert i prisen. Dei som treng dette tek sjølv kontakt med t.d. Scandic Sunnfjord Hotell i Førde 57 83 40 00.

Prisen for kurset er kr. 9000,- inkl. materiell og lunsj alle dagar.

Alle deltakarar som ikkje er fylt 35 år ved kursstart, vil få kr. 2000,- i direkte avslag på kurset. Dette beløpet vert sponsa av Sparebanken Sogn og Fjordane. Dette er for å gjere kurset meir attraktivt for t.d. unge grunderar. Når ein skal over frå ein oppstartsfase til drift og etter kvart ekspansjon er det viktig å ha tilgong til den typen informasjon som dette kurset kan gje. Vi håpar difor at særleg mange unge vil ønskje å delta. Kurset er sjølvsagt og ope for dei som er eldre enn 35 år.

Folkeuniversitetet vil og oppmode deltakarane om å ta kontakt med si lokale næringsforeining – t.d. Fram Flora v/Allan Madsen eller Sunnfjord Næringsutvikling v/Frode Fluge. Om ein syner til deltaking på dette kurset, kan ein høyre med dei om det kan vere mogleg å søkje ytterlegare tilskot for å dekke meir av kursavgifta. Dette vil då evt kunne kome i tillegg til støtta frå Sparebanken Sogn og Fjordane på kr. 2000,-.

Det er plass til maks 30 deltakarar, så ikkje vent for lenge med å melde deg på. Tilsvarande kurs på Eid i 2012 og i Sogndal vinteren 2013 vart ein stor suksess.

Frist for påmelding: Fredag 06 februar.

Påmelding gjer ein ved å klikke her og fylle ut skjemaet på våre nettsider:
http://www.folkeuniversitetet.no/forde/strategi-og-leiarseminar-med-fokus-pa-beste-praksis-forde/kurs-id-1686536800/

Det vil bli delt ut eit kompendium ved oppstart av kurset og noko kan og bli sendt direkte til dykk pr e-post.

Forelesarane er alle frå PricewaterhouseCoopers AS og direktør Terje Bjerkan er kursansvarleg og hovudforelesar.

Emne som vil bli gjennomgått er:
– Om dei generelle rammer for leder og styret (viktigste lovrammer)
– Styret og leiaren sine viktigaste oppgåver
– Samspelet mellom leiar og styret
– Om dei økonomiske føresetnader og rammer for styret og leiinga
– Om dei strategiske føresetnader for styret og leiinga
– Om dei organisatoriske rammer for styret og leiinga
– Om dei kontrollmessige rammer for styret og leiinga
– Om periodisk eigenevaluering av styret og leiinga
– Om praktisk planlegging og oppfølging av eit arbeidsår for styret og leiinga

Seminaret vil setje fokus på dei ulike tema med praktisk teori og gode gruppearbeid som arbeidsform.