Florø – beste sykkelbyen i Sunnfjord?
Merk deg datoen 19. september, pump luft i dekka og bli med å slå Førde når det gjeld å vere beste sykkelbyen i Sunnfjord. Det tråkkande folket skal samlast, og med på laget har ordføraren Byen Vår Florø, Sykkelbyen Florø, Jens Petter og Live Kjelsnes frå Florø sykkelklubb og fleire andre.
– Eg vil sjå heile bystyret på sykkelsetet den dagen, anten dei er på veg ut eller inn i det nye bystyret. Og eg utfordrar samtidig alle verksemdene i Flora Industri og Næringsforening, slår Bengt Solheim-Olsen fast.