Thorvald Stoltenberg og Oddvar Stenstrøm

Temposeminaret 15 år – 6. november

Fredag 6. november i Flora Samfunnshus, Florø
Temposeminaret i Florø har gjennom 15 år vore det leiande og største inspirasjonsseminaret for næringslivet i Sogn og Fjordane. Temposeminaret har opparbeidd eit ry som eit av dei beste inspirasjonsseminara i landet – det viser både tilbakemeldingar frå publikum og frå profilerte føredragshaldarar. Kring 400 deltek på seminaret kvart år.
Temposeminaret er ein god arena for relasjonsbygging og bedriftsinterne tiltak som teambuilding, styremøter, jubileumsferingar med meir.

FIN sine medlemmer får 15% rabatt på Temposeminaret – ved påmelding innan 20. september. Skriv «15-års-rabatt FIN» i tekstfeltet når du melder deltakarar på via nettsida: http://temposeminaret.no/pamelding/ eller ta direkte kontakt med Per Øyvind Helle:  40402905, per@posaktiv.no

Årets føredragsholdarar:
http://temposeminaret.no/foredrag/

Thorvald Stoltenberg: –  Diplomat i verdsklasse, blanding av statsmann og skøyar. I samtale med Oddvar Stenstrøm.

Anna Kirah: – Mellom anna kåra til Årets bidragsytar av Microsoft si toppleiing

Pär Johansson: – Nytenkjaren, gründeren av Glada Hudik og Årets Foredragsholder – som ser det som si oppgåve å forandre heile verda sin måte å tenkje, sjå og forholde seg til utviklingshemma på.

Herodes Falsk: – Norsk komikar som har vore heilt på toppen, og heilt på botnen

Arvid Andenæs i samtale med dei mest spennande gründerane i fylket – før utdelinga av prisen Årets Günder (Sparebanken Sogn og Fjordane i samarbeid med Innovasjon Norge og Framtidsfylket delar ut prisen)

På Tempobanketten vil Tom Mathisen, den legendariske stemma frå Brødrene Dal og komikaren frå Prima Vera, underhalde.