Næringslivet pådrivar for utvida kystkommune

Flora Industri- og Næringsforening kalla inn til ope medlemsmøte på Quality Hotel Florø torsdag 19. januar. I tillegg til medlemane i FIN, var representantar for det politiske miljøet og næringslivet i kommunane Vågsøy og Bremanger inviterte til møtet. Rundt eit 30-tals personar møtte fram. I tillegg skulle det komme ein stor kontigent frå dei ulike kommunane, som same dag hadde vore i Oslo på møte med kommunal- og moderniseringsminister Sanner. Dessverre så vart det kluss med flyrutene pga. vêret og desse nådde aldri møtet.

Leiar for FIN, Bjørn Hollevik innleia med å orientere om næringslivsmøtet som hadde vore i Kalvåg 9. januar, og gjekk gjennom punkta som ein hadde blitt einige om. Han presiserte at næringslivet ikkje skulle blande seg inn i politikken og diskusjonane om kvar m.a. eit rådhus skulle plasserast. – Dette er uvesentleg for næringslivet. Det er viktig at næringslivet er engasjerte og støttar politikarane. Vi må ikkje snakke om kommunesamanslåing, men om kommuneutviding, sa Hollevik.

Kysten er ei veldig god løysing, sjølv om vi har ei utfordringar med tanke på avstand og tid. Det tar tid å bygge veg, og då må vi satse på meir ressursar til båt, medan vi ventar på vegutbyggingane. -Båt vil bygge storkommunen saman. Det er avgjerande at ein snarast får på plass traséval.

Det vart diskutert om tida no er inne for Bremanger å gå inn i ein større kystkommune. Frå salen kom det fram tankar om at ein må vere rause for å få Bremanger med på dei beste løysingane. Gunnar Carlson frå Måløy meinte næringslivet i Bremanger er positive til spørsmålet.

Eivind Hjellum, som har lang fartstid med næringslivet og kommunikasjon på kysten la vekt på at ein må fokusere på næringslivet som ein utviklingsaktør. Han meinte det ville vere ein styrke om ein fekk med heile kystregionen frå nord til sør. Bjørn Hollevik sa at vi i tillegg til å vere med på heialaget for ein større kystkommune, så er det viktig å få ein «plass ved bordet» i det vidare arbeidet.

Gunnar Carlson (Måløy) sa at det er vi her på kysten som skapar skattepengane, og så sender vi dei inn til «breheimen». Kjøtvekta her i fylket ligg i indre strøk med kompetansearbeidsplassar. Vi er alt for små, difor må vi gå saman for å få makt og tyngde bak det vi gjer. Vi er den største eininga i Sogn og Fjordane. Om Vågsøy, Selje, Bremanger og Florø går saman utgjer vi 28 % av heile fylket. Vi kan ikkje gå inn i framtida som små kommunar – då misser vi all makt. Utfordringa vår er kommunikasjonen, sa Carlson. Difor må vi ha ei gulrot som at  det går båt i bassenget mellom Vågsøy og Florø til alle flyavgangane. Det vil skape stor trafikk over lufthamna. Carlson la vekt på at ein må seie ja eller nei no. Det betyr ingenting kvar administrasjonen ligg. Det som betyr noko er at vi har arbeidsplassar – både industri og offentlege arbeidsplassar.

Eli Tveit Sveen (Marø Havbruk) gav skryt til initiativet til næringslivet. Vi kan ikkje stå åleine, sa ho – og la vekt på at ein må ha handa på rattet og stille betingelsar. Viss ikkje blir vi tvanssamanslått utan påverknadskraft. Hugs at havrommet vil gi kysten av fylket dei store moglegheitene framover.

Reidar Sandal frå 45-minuttsregionen sa at det er viktig med høgt tempo,og han var utolmodig for å få trasévalet på plass. Tida er overmoden for Vågsøy og Florø, men vi må ikkje støyte frå oss Bremanger. Det er bevegelse i Bremanger og det er viktig å la dei få så god tid at ein kan få eit viktig fleirtal med seg.

Det var god stemning og stor einigheit på møtet. Konklusjonen er at kystkommunen er eit viktig bu- og arbeidsområde – som snart vil vere på plass som ei eining.

Vi tilhøyrer vist samme parti eg og du, repliserte Gunnar Carlson til Reidar Sandal. Dei er skjønt einige om kva som må til for å få større makt til kysten.

Vi tilhøyrer vist samme parti eg og du, repliserte Gunnar Carlson til Reidar Sandal. Dei er skjønt einige om kva som må til for å få større makt til kysten.