WEBINAR om eigedomsskatt Kinn kommune

Onsdag 24. mars kl. 13.00 – 14.00

FIN inviterer medlemmene sine til webinar i samarbeid med Deloitte Advokatfirma AS.

Kinn kommune gjennomførte med verknad frå og med 1. januar 2021 ny alminnelig taksering i kommunen. Dette inneber at det er fastsatt nye takstar for alle eigedomsskattepliktige eigedommar i kommunen, og desse takstane skal som utgangspunkt stå fast i 10 år. Bakgrunnen er at Kinn kommunestyre i neste veke skal handsame saka om eigedomsskatt. Innstillinga frå kommunedirektøren er at takstane blir ståande, og at det blir lagt fram ulike alternativ på reduksjon av promillesats, t.d. ein reduksjon frå 6 til 5 på næringsbygg.

Dette betyr at det er avgjerande for bedriftene å klage på taksten no, om dei meiner den er feil. I verste fall kan ein risikere at taksten blir ståande i 10 år – medan promillesatsen kan justerast både opp og ned i løpet av desse 10 åra.

FIN har derfor engasjert Deloitte Advokatfirma AS for å holde eit webinar. Deloitte har i over 20 år arbeidd med eigedomsskatt og vil i webinaret gå igjennom følgande tema:

·       Generelt om eigedomsskatt og eigedomsskatt i leigekontraktar
·       Verdsetting av eigedommar i eit eigedomsskatterettslig perspektiv
·       Konkret om verdsettingsmetodikk i Kinn kommune
·       Våre erfaringar knytt til risikofaktorar for feil i eigedomsskattegrunnlaget
·       Endring av eigedomsskattegrunnlaget, her under klageprosessen

Det blir høve til å stille spørsmål undervegs og vi sender ut presentasjonane til deltakarane i etterkant.

Praktisk info om webinar:

Høyringsuttale - FIN florain.no