Eigedomsskattetaksering næring i Florø

Brev til politisk og administrativ leiing i Kinn kommune ved ordførar / formannskap / gruppeleiarar / kommunedirektør
11. mars 2021

Florø Industri og Næringsforening (FIN) ved leiar fekk svært mange meldingar om mogleg feiltaksering når skattesedlane vart mottatt i Altinn 1. mars.

FIN sende derfor ut følgjande spørsmål til medlemmane sine

– Kor stor prosentvis auke har ein fått på takstgrunnlaget for eigedomsskatten?
– Har ein marknadsmessige vurderingar(omsetningstal på eigedom eller taksering av eigedom) frå
den siste tida som tilseier at taksten er sett for høgt?
– Har de vurdert å klage til kommunen på takstgrunnlaget?
– Kva konsekvensar vil den nye taksten kunne få for verksemda?

Responsen på spørsmåla har vore stor, med svært mange skriftlege og munnlege tilbakemeldingar. Gjennomgåande melder verksemdene om takstar som har auka kraftig frå siste taksering med inntil 5 gonger dagens takst og langt over kva som er reell marknadsverdi.

Det at Detaljert grunnlag-takst og skatt 2021 ikkje låg ved utsendte skatteseddel for 2021, har gjort frustrasjonen endå større fordi ein ikkje kan ettergå konkret korleis/kvifor takseringa har endra seg.

Sammanfallande reaksjonar frå medlemmane i FIN er at dei vil be om å få tilsendt Detaljert grunnlag- takst og skatt 2021 og 2020 for å finne ut nærare kva som er gjort av takstendringar. Ein konsekvens av dette er at fleire vil få tatt takstar på eigedommane sine og som følgje av dette klage på eigedomsskattetaksten til Kinn kommune. Medlemmane er kjent med at kommunen må dekke ein vesentleg del av kostnadane dei vil få med klagearbeidet dersom dei vinn fram med klagen.

Om den nye eigedomskattetaksten vert ståande, melder fleire av medlemmane at dette vil redusere investeringslyst og oppgradering av eksisterande anlegg. Nokre slit med konsekvensane av Covid-19 samstundes som dei er i prosess med større endringar i drifta for å møte offensivt det grønne skiftet. Kraftig og uventa auke i eigedomskatten gjer ikkje dette arbeidet lettare. Andre ser på dette som konkurransevridande mellom kommunar når dei vurderer nye satsingar. I utgangspunktet er kommunale avgifter høge i kommunen og nettleiga for straum i regionen er og høg. I sum verkar dette konkurransevridande med negative utfall for satsing i Florø.

Medlemmane i FIN tar og har alltid tatt samfunnsansvar i lokalsamfunnet vårt med høg verdiskaping, høg sysselsetting og omstillingsevne til framtidas arbeidsplassar. Og vi bidrar med store skatteinntekter til fellesskapet slik at kommunen kan gje innbyggarane gode tilbod . Skal vi greie dette i framtida, må ein ta signala frå næringslivet vårt på alvor slik at vi ikkje svekker satsingsviljen vår. Dei framlagde skattesatsane svekker denne satsingsviljen og vi ber politikarane våre om å ta dei naudsynte grepa som trengst for å få på plass rettare og levlege skattetakstar.

Flora Industri- og Næringsforening, 11. mars 2021

Bjørn Hollevik
bjorn.hollevik@enivest.net
913 81 879