WATTN – konsekvensar for medlemmar i FIN

Uttale frå FIN om halvert kreditt tid

Konsekvensar av kraftsamanslåinga WATTN for medlemmene i FIN

Flora Industri og Næringsforening (FIN) har det meste av bedriftene i gamle Flora kommune som sine medlemmar. FIN skal koordinere og fremje medlemmane sine felles interesser, og vil difor komme med ei uttale om konsekvensane av WATTN for næringslivet i Florø. Les meir om FIN her: https://www.florain.no/

Medlemmane våre som bruker SFE som kraftleverandør, reagerer sterkt på e-posten dei no har fått frå WATTN, der kredittida no vert halvert frå 20 til 10 dagar ved lanseringa av WATTN. Dette gjer det økonmiske tilbodet dårlegare  for verksemdene og for deira tilsette. Dessutan vert det interne kontrollarbeidet av faktura vanskeleggjort med så kort kredittid.

Ved lanseringa av WATTN tidlegare i sommar, vart det brukt fyndord som:

  • Store nok til å gjøre ting bedre
  • Foreløpig vil du ikke merke noe forandring

Desse fyndorda står ikkje til truande etter e-postane vi mottok frå WATTN i går, og vi ber om at kredittida ikkje vert endra på. Fleire av medlemmane seier at dei  vurderer å skifte kraftleverandør om denne endringa vert ståande.

WATTN har sett tilbake kredittida

etter at FIN sendte protest

FIRDAPOSTEN 28.9.2021 krev innlogging

– Dette var ein systemfeil

Vi tok kontakt med administrerande direktør i Wattn AS, Øystein Vikingsen Fauske, han kunne fortelje at tidlegare kundar av SFE som no er kundar i Wattn har fått ein e-post med ein ordlyd som ikkje stemmer. Kort fortalt vil kundane ha akkurat same kredittid som før.

– Vi har gjort ei omlegging av systemet vårt der kundar i fire ulike kundedatabasar har blitt til ein. Her har det skjedd ein systemsvikt der det er blitt sendt ut ein generell e-post.

Så ingen i verken SFE eller dei andre selskapa skal få dårlegare betalingsvilkår no etter at dei er blitt kundar i Wattn,

poengterer Fauske som meiner her kan dei som reagerte då dei fekk e-post, trygt kan puste med magen. Dersom nokon skulle oppleve at det er endringar i betalingsvilkåra oppmodar vi dei til å ta kontakt med oss.