Odd Bovim og Reidun Sæle Kongsvik i Advokatfirma Blikra, Slotterøy & Fonn flyttar inn i Horne Brygge.

Florø-advokatfirma doblar kapasiteten – flyttar inn i Horne Brygge

Advokatfirmaet Blikra, Slotterøy & Fonn avd. Florø AS har tilsett Reidun Sæle Kongsvik som ny advokatfullmektig. Frå før jobbar advokat Odd Bovim på advokatkontoret i Florø. I månadsskiftet januar/februar flyttar advokatfirmaet inn i nye lokale i Horne Bygge, på vestsida mot hotellet.

– Vi ser fram til å kunne tilby endå betre juridiske tenester til våre klientar, seier advokat og daglig leder ved Florøkontoret Odd Bovim. – Vidare ser vi fram til å vere ein del av eit dynamisk kontormiljø innan fleire ulike sektorar, som bank, regnskap, rådgjevingstenester m.m. Det er også fleire andre interessante sektorar som nylig har flytta inn i lokala.

Reidun Sæle Kongsvik er født i 1988, og kjem frå stillinga som byggesakssjef i Austevoll kommune. Ho skal yte bistand innan eit breitt saksfelt, med eit visst fokus på rettsforhold knytt til fast eigedom.

Advokatfirmaet Blikra, Slotterøy & Fonn er fylkets største advokatfirma, og yter bistand til privatpersonar og næringsdrivande innan et breitt fagfelt. Det har hovudkontor i Førde og avdelingskontor i Florø, og består av 6 advokatar og 3 fullmektigar.

Spesialtilbod til medlemmar i FIN:
Frå 2015 gir  Advokatfirmaet si avdeling i Florø eit spesialtilbod til medlemmar i Florø Industri- og Næringsforening: Desse får 20 % rabatt på våre ordinære timeprisar. – Med dette tilbodet vil vi kunne tilby gode advokattenester til små og mellomstore bedrifter i Flora, til ein svært god pris.

Meir informasjon: Kontakt daglig leder advokat Odd Bovim, tlf. 97723396 / 57833900.