Handlingsplan og økonomiplan for 2024-2027
Nedtrekk finansiell støtte til Aksello
Høyringsuttaler sendt til Kinn kommune
Høyringsuttaler sendt til Kinn kommune
FIN er svært opptatt av at kommunen vår skal stå fram som næringsvenleg slik at eksisterande og nye verksemder utviklar seg og etablerer seg i Florø.
På same måte ønskjer vi at kommunen med sine tenester er attraktiv for busetting i Florø. Dette gjer tilgangen på kompetansesterke medarbeidarar til verksemdene våre lettare og styrkar dessutan det økonomiske grunnlaget for kommunen med høgare innbyggjartilskot frå staten og høgare skatteinngang til kommunen.
FIN ber politikarane våre i budsjettarbeidet sjå nytten av arbeidet kompetansemiljøet i Aksello bidreg med i Kinnkommune, og heller styrker støtta til Aksello.
Alternativet med ein kommunal næringssjef vert fort eit svekka næringsutviklingsarbeid, færre nye arbeidsplassar og mindre tilgang til økonomiske ressursar frå ulikefinansieringskjelder utanfor kommunen.
FIN har etter styremøte 20.11.23 sendt to høyringsuttaler til ordførar, kommundirektør, gruppeleiarar og formannskap i Kinn kommunen – med følgande tema:
Høyringsuttale ved. budsjettforslag om nedtrekk av finansiell støtte til Aksello