God respons på høyringsuttaler
Det nyttar å engasjere seg
Det nyttar å engasjere seg
Det er svært gledeleg å registrere at FIN har fått god respons på høyringsuttalane vi sendte til ordførar, kommunedirektør, gruppeleiarane og formannskapet, om handlings- og økonomiplan 2024-27 og om finansiell støtte til Aksello.
Etter budsjetthandsaminga i kommunestyret ser vi at eigedomsskatten ikkje er auka og at støtta til Aksello blir videreført som i dag.
Det er svært viktig for både etablert næringsliv og nyetablerarar at 1. linjetenesta, som Aksello har ansvar for, blir opprettholdt.
Vi fekk ikkje like godt gjennomslag på gebyrregulativa. Her blir det auke både på vassavgift og gebyr på til dømes byggesaker. Desse er betydeleg høgare enn i kommunar som det er naturleg å samanlikne seg med.
Det positive her er at politikarane set gebyrregulativet på dagsorden, og i 2024 blir det ein «generalgjennomgang» av gebyra i kommunen.
Dette viser at det nyttar å gi beskjed – og at det nyttar å vere medlem i FIN!
P.S. Kystkalenderen er på veg til deg