Stavang

Mingling og kjekling i Stavang 28.9.

Onsdag 28. september

ønskjer vi velkomen til mingling og kjekk kjekling med våre kollegaer i Førde Industri- og næringssamskipnad.

Eigenandelen er berre kr 200 pr person, så bli med oss på ein flott ettermiddag- og kveldstur til Stavang!

Påmeldingsfrist: Vi må ha tilbakemelding på om du blir med innan onsdag 21. september – send påmelding direkte til Anita på epost: anita@atilaa.no

Opplegg og tidsplan:

  1. 15.30: Buss frå Firda Billag (v/Vinmonopolet). Kjekt om alle tek bussen saman!
  2. 16.30: Enkel tapas m/1 gl drikke på Stavang skule. Grendaskulen står sterkt i lokalsamfunna – det får vi vite meir om
  3. 17.15 – 19.15: Moro i mark og myr! Uformelle konkurransar slår aldri feil. Kjøpmann, moromann og Stavang-patriot Steinar Svardal legg opp til ein spennande mangekamp saman med Per Øyvind Helle. Vi delar inn i lag etter at vi har fått påmeldingar frå dykk. OBS! Ikkje nødvendig med jaktuniform, men kanskje ei varm jakke om veret ikkje skulle bli heilt slik som på bilete.
  4. 19.30: Middag på grendaskulen (grilla entrecôte m/tilbehør, inkl 1 gl drikke øl/mineralvatn). Høve for kjøp av drikke i lokalet. Gjerne med uformelle innslag frå deltakarar. På gamle skular har dei både nedtrekkbare kart som du hugsar frå barndommen, og jamvel prosjektor og lerret! Den gode praten går.
  5. 20.45 – 21.00: Underhaldningsinnslag og premieutdeling.
  6. 22.15: Bussen går frå Stavang. Du er heime før du veit ordet av det.

 

Meld deg på innan 21. september til anita@atilaa.no