Store utfordringar med prisregime for vatn og avløp i Kinn

Uttale sendt til gruppeleiarane i Kinn og Firdaposten 10. juni 2020

Flora Industri- og Næringsforening (FIN) er opptatt av at ein har eit godt og trygt vass- og avløpssystem i Kinn kommune. I desse dagar skal politikarane vedta eit nytt avgiftsregime for dette i kommunen vår. Det kan få store konsekvensar for både bedriftene og innbyggarane som vil oppleve ei sterk avgiftsauke.

Vass- og avløpsanlegga (VA) i kommunane skal vere sjølvfinansierande, det vil seie at kostnadane med drift og utbygging skal betalast av brukarane – bedriftene og innbyggarane – i kommunen. Då er det ekstra viktig å ha fokus på kostnadseffektive utbyggingar. Vi må ha eit godt VA-system, og prissystemet må vere rettferdig.

Går glipp av bedriftsetableringar
For mange av medlemsbedriftene i FIN utgjer VA-utgiftene ein betydeleg kostnad. Konsekvensane av dette er at dei ser til andre kommunar – og kva utgifter dei opererer med – når dei skal etablere ny eller utvide eksisterande verksemd. Høgt nivå på kommunale avgifter, som til dømes eigedomsskatt og VA kan medføre at kommunen går glipp av viktige arbeidsplassar og skatteinntekter.

Stimulerer ikkje til sparing
Når Kinn kommunestyre no skal vedta nye satsar på VA, skal og sjølve avgiftsregime avgjerast. Tidlegare betalte ein i Flora etter forbruk og areal på bygg, medan det no vert innført eit fastledd i tillegg. Det nye systemet med fastledd inviterer ikkje til sparing av vatn, noko som fleire av bedriftene har gjennomført eller har planar om å gjennomføre tiltak for. Med det nye fastleddet vil ikkje vassmålarar lenger ha den økonomiske effekten ein har vore førespegla.

Fleire abonnement per hus
For huseigarane i Kinn kommune betyr det nye prissystemet at dei må ha eit eige VA-abonnement på kvar bueining. Dette medfører at huseigarar med til dømes kjellarleilegheit – som mange av bedriftene sine tilsette leiger – må betale dobbel avgift. Som igjen gjer det mindre attraktivt å bu og jobbe i kommunen.

Utydeleg høyring
Når så store endringar på avgiftsnivået og ny modell for avgiftsutrekning skal innførast burde dette vore betre kommunisert til bedriftene og innbyggarane. Talet på innspel til det nye regimet er svært lågt, noko som tyder på at bedriftene og innbyggarane ikkje har forstått omfanget av endringane. Dette er ein kritikk som både administrasjonen og politikarane må ta innover seg.

Bedriftene og innbyggarane får rekninga
Når politikarane no skal fatte endeleg vedtak i siste kommunestyre før sommarferien, ber vi om at sjølve modellen som er valt blir sett på med nye auge. I tillegg må kommunen ha sterkt fokus på kostnadseffektivitet på utbyggingar. Til sjuande og sist er det næringslivet og innbyggarane i kommunen som må betale rekninga via kommunale avgifter.

Bjørn Hollevik, leiar FIN