Fot-ruter i Florø

Widerøe kan få konkurrent, Firda 16.1.2016

Fredag i neste veke kjem representantar for eit flyselskap til Florø for å ha samtalar med næringslivet i regionen. Det stadfestar leiaren i Florø Industriforening, Bjørn Hollevik, overfor Firda.

Møtet i slutten av neste veke kjem i stand som eit resultat av ein lengre prosess, der det har blitt leita etter selskap som kunne vere interesserte i å trafikkere Flora lufthamn. Før jul stod berre namna til eit par interesserte selskap på blokka. No er det eitt tilbake, i tillegg til Widerøe, som har skissert sitt opplegg for kommersiell flyging etter 1. april.

Ifølge Bjørn Hollevik, vil fredagens møte skje i regi av Fram Flora. Ei rekkje næringslivsleiarar frå regionen er inviterte, også folk frå Bremanger og Vågsøy, seier Hollevik til Firda.

Kva resultat som kjem ut av møtet, vil leiaren i industriforeninga ikkje spå om.

Les heile artikkelen i Firda 16. januar (krev innlogging)