FIN

Årsmøteprotokoll 2020

Digitalt årsmøte i Flora Industri- og Næringsforening 14. mai 2020
16 personar logga seg inn på møtet via Teams.

PROTOKOLL

  1. Opning ved leiar i FIN, Gustav Johan Nydal.
    Sakliste og innkalling vart godkjent.
  2. Val av møteleiar
    Gustav Johan Nydal vart vald.
  3. Val av sekretær
    Anita Øygard vart vald.
  4. Val av to representantar til å skrive under protokollen.
    Leif Belsvik og Janicke Svendal vart valde.
  5. Årsmelding for 2019
    Framlegg til årsmelding var utsendt og vart gjennomgått. Årsmøtet godkjende årsmeldinga.
  6. Driftstilskot 2020
    Framlegget om vidareføring av dagens driftstilskot vart godkjent.
  7. Styrehonorar 2020
    Framlegget om vidareføring av dagens satsar for honorar vart godkjent.
  8. Rekneskap for 2019 og budsjett 2020
    Framlegg til rekneskap og budsjett var utsendt og vart gjennomgått. Årsmøtet godkjende rekneskapen.
  9. Arbeidsprogram for 2020
    Styret hadde i si innkalling oppfordra årsmøtet til å komme med innspel til arbeidsprogram. Det nye styret i FIN skal utforme arbeidsprogrammet og publisere det på nettsida.
    Årsmøtet hadde følgjande innspel til arbeidsprogram:
  • Nyrekruttering til FIN er viktig. Meir relevant for dei ein vil påverke om ein er fleire. Det er fleire nye teknologibedrifter som har etablert seg i Florø, som er aktuelle kandidatar.
  • Jobbe med å få ned nettleiga for bedriftene. Forslag om å invitere SFE til eit medlemsmøte (skulle vore med på årsmøtet).
  • Vassavgifta i kommunen. Høyringsfristen er utgått, men styret må sende uttale til gruppeleiarane / det politiske miljøet før vedtak i kommunestyret. Styret må involvere medlemmar i dette arbeidet.
  • Samarabeide og ha felles samlingar med Måløy Vekst, Førde Industri og Næringssamskipnad og Bremanger Næringsforening.
  • Vere synlege og bruke media aktivt.
  • Trafikkproblema i sentrum, næringsareal og flyruter er stadig like aktuelt for FIN-medlemmane.

10.  Val av styre
Innstillinga frå valkomitéen vart framlagt av Siv Merete Stadheim, og vedteken slik den låg føre.

Nytt styre FIN 2020:
Leiar                          Bjørn Hollevik (ny) vald for 1 år
Nestleiar                    Roald Førde (ikkje på val)
Styremedlem            Thor Arne Ullaland (attval) vald for 2 år
Styremedlem            Marianne Ullaland Knapstad (attval) vald for 2 år
Styremedlem            Kristin Bergstøl Hansen (ikkje på val)
Varamedlem             Svein Nødseth (attval) vald for 1 år
Varamedlem             Albert Frøyen (ny) vald for 1 år

11.  Val av valkomité
Etter innstilling, vart Siv Merete Stadheim (attval), Kjetil Søvik (attval) og Gustav Johan Nydal (ny) valde for 1 år. Valkomitéen konstituerer seg sjølv.

Anita Øygard                                   Leif Belsvik                                       Janicke Svendal

Valkomité 2020

Valkomiteen i FIN kjem med følgjande innstilling til styre i FIN 2020:

Styremedlemmer (velges for 2 år):

  • Leiar: Bjørn Hollevik (ny)
  • Styrerepresentant: Thor Arne Ullaland (attval)
  • Styrerepresentant: Marianne Ullaland Knapstad (attval)

Vara (valde for 1 år): 

  • Svein T Nødseth – (attval)
  • Albert Frøyen – (ny)

Ny valkomte:

  • Siv Merete Stadheim (attval)
  • Kjetil Søvik (attval)
  • Gustav Johan Nydal (ny)

Ikkje på val i år:

  • Nestleiar: Roald Førde
  • Styrerepresentant: Kristin Bergstøl Hansen

Kjetil Søvik // Siv Merete Stadheim // Bjørn Hollevik (sign.)

 

koronavirus - florain.no

Spørjeundersøking korona

koronavirus - florain.no

KORONA INFO frå NHO

Årsmøte FIN 2020

Årsmøte 14. mai

SFE nett

Temamøte 2. april 2020

All rutereduskjon er negativt

– All rutereduksjon på Florø lufthamn er negativt. Vi i FIN er opptekne av eit generelt stabilt og godt tilbod ved Florø lufthamn heile veka gjennom. Føreseielegheit er avgjerande. Slik blir det ikkje no, seier Nydal.

Han ser også fleire problem med dei tre skisserte rutekutta: Det at Florø-Oslo klokka 09.25 blir lagt ned torsdag og fredag, skapar trøbbel spesielt for dei som bur nord for Florø. Denne ruta har så langt gjort at dei kan ta rutebåt eller ekspressbåten til Florø om morgonen som korresponderer med flyruta vidare.

– Og det at dei kuttar 22.00-flyet frå Bergen onsdag, torsdag og fredag gjer også det vanskelegare for oss å bruke Flesland flyplass som eit knutepunkt til og frå verda, seier Nydal.

For utan 22.00-flyet vil det siste flyet som går frå Bergen til Florø gå klokka 19.50. Kjem du flygande til Bergen etter det, kjem du deg altså ikkje vidare med fly til Florø den kvelden.

Les heile artikkelen i Firdaposten  17.2.2020

FOT-ruter Flora - FIN

Widerøe kuttar ruter i Florø

Widerøe legg ned ruter mellom Florø og Oslo og Florø og Bergen. Det melder flyselskapet i ei pressemelding. Dermed unngår ikkje Florø kutt i tilbodet, trass i at flytrafikken til og frå kystbyen har hatt ein svært sterk vekst dei siste månadene.

Slik blir rutekutta i Florø:

Florø – Oslo: Avgang frå Florø kl. 09.25 blir lagt ned torsdag og fredag.

Bergen – Florø: Avgang kl. 22.00 blir lagt ned onsdag, torsdag og fredag.

Florø – Bergen: Avgang kl. 06.30 blir lagt ned torsdag og fredag.

Artikkel i Firdaposten 17.2.2020