Oppføringer av endre

Nytt håp for FOT-ruter

Møreforsking skal presentere faktarapport for FIN Florø industri- og næringsforeining (FIN) i samarbeid med samferdselsutvalet i Flora kommune, jobbar no med å engasjere konsulentselskapet Møreforsking for å presentere trafikktala for Florø Lufthamn. Målet er klart. Få Florø inn igjen på FOT-rutene. Primært i revidert budsjett i juni og eventuelt til statsbudsjettet på seinhausten i år. […]

Fjord Alg

For at laksen skal vekse, vere ei god Omega 3 kjelde og for at laksen skal få den rette raudfargen trengs det mikroalgar. På sist frukostmøte i Fram Flora orienterte Gabriel Ossenkamp frå Svelgen om det nystarta selskapet Fjord Alg, som skal satse på å dyrke mikroalgar i eit lukka system. Dette vil skje i […]

Saga Fjordbase på Lutelandet

På Lutelandet er det gode fasilitetar, og her foregår det spennande og imponerande jobbar. Saga Fjordbase er operatør her på same måte som på Fjord Base. Sjå video her: https://m.youtube.com/watch?v=H3Qmgu7JoTU

NAV marknadsteam

NAV Sogn og Fjordane jobbar aktivt for å bli betre kjende med næringslivet for betre å kunne bistå bedrifter og arbeidssøkarar. Susen Stavøstrand og Siv Dyrnes var med på FIN sitt styremøte 19. januar og presenterte arbeidet sitt. Presentasjonen som NAV hadde med til styremøtet i FIN, fortel mellom anna om stoda i Florø samanlikna med […]

Næringslivet pådrivar for utvida kystkommune

Flora Industri- og Næringsforening kalla inn til ope medlemsmøte på Quality Hotel Florø torsdag 19. januar. I tillegg til medlemane i FIN, var representantar for det politiske miljøet og næringslivet i kommunane Vågsøy og Bremanger inviterte til møtet. Rundt eit 30-tals personar møtte fram. I tillegg skulle det komme ein stor kontigent frå dei ulike kommunane, som […]

‘Fra intro til arbeid’ 24. januar

KF Innvandrarsenteret ønsker å invitere næringslivet og politikarane i Flora til presentasjon av forskingsprosjektet om Introduksjonsprogrammet og integrering i Flora, tysdag 24.01., kl. 16.00 til 17.30 på Flora Samfunnshus (Speilsalen). Rapporten «Fra intro til arbeid – Integreringsutfordringer og muligheter i Flora kommune» er utarbeidd av Stina Svendsen, Marko Valenta og Berit Berg ved SINTEF. Rapporten har […]

Medlemsmøte om kommunesamanslåing på kysten

Kallar med dette inn til ope medlemsmøte i Flora Industri- og Næringsforening DAG: torsdag 19. januar kl. 18.00 – 20.00 STAD: Quality Hotel Florø TEMA: Kommunesamanslåing på kysten PÅMELDING: På grunn av enkel servering ber vi om tilbakemelding om du kan møte – innan tysdag 17. januar kl. 12.00 til anita@atilaa.no Bakgrunnen for møtet er […]

Næringslivet vil ha kystkommune

Selje, Vågsøy, Bremanger og Flora er den naturlege eininga på kysten, meiner eit samla næringsliv – etter eit felles møte i Kalvåg måndag 9. januar. Kva må til for å få ei vellukka samanslåing: Nær ein fjerdedel av innbyggartalet i Sogn og Fjordane sikrar den nye kommunen posisjon som ein maktfaktor i forvaltningsstrukturen i fylket. […]

Vinterflora 2017 – Florameisterskap i bedriftsleik

Laurdag 28. januar kan ditt lag utfordre regjerande meister SFE Nett i den opne Florameisterskapen i Bedriftsleik! Både einskildbedrifter, bedrifter som slår seg i lag og vennelag er velkomne! Og etterpå blir det premieutdeling og Afterski på Haavebua! PÅMELDING – gjerne med ein gong:-) (seinast innan 10 januar): Send epost med namn på laget, kontaktinfo til kontaktperson og fakturaadresse til: Barbro Furset/Per […]